tirsdag 16. oktober 2007

Plassen vår

Eg veit om ei einsleg hytte
så lun og fredsæl ein stad,
der eg i stilla kan lytte
til låter som gjer meg glad.
Freden fell over sinnet
av granskogens mektige sus.
Ein arie kan eg finne
i sjøen sin skvalpende sus.


Lita og enkel er hytta,
slett ikke ruvande flott.
Aldri eg bort ho bytta
i verda sitt finaste slott!
Her ser eg Gud sin finger,
Guds skaparhand, reell og nær.
Takketonar får bønevinger,
blir eitt med låter frå livet her.

Ingen kommentarer: